Hopp til innhold

– Eg hadde aldri trudd eg skulle bli varaordførar

Trenden er den same i heile landet. Politiske parti som til vanleg ikkje samarbeider, har no funne saman. Det var på den måten Ragnhild Helseth (V) enda opp som varaordførar i Kristiansund.

Ragnhild Helseth

VARAORDFØRAR: Ragnhild Helseth (V) blei varaordførar i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Vallogo

Også i Kristiansund vart det eit samansurium av fleire parti som gjekk saman i eit samarbeid etter valet. Arbeidarpartiet sikra seg ordføraren ved Kjell Neergaard, medan Venstre fekk varaordførarvervet. Høgre, Venstre, KrF, Miljøpartiet de grøne og SV er med i det historiske samarbeidet.

– At eg skulle bli varaordførar hadde eg aldri i tankane, men eg tenkte at vi måtte gjere noko aktivt for å få ei stabil ordning for Kristiansund, seier Helseth.

Lang erfaring

Ho trur at grunnen til at Vestre kom i den posisjonen er at ho sjølv har åtte års erfaring frå bystyret og som gruppeleiar i partiet, medan fleire av dei andre var nykomarar.

– Partia måtte samle seg for å få til ei løysing, og vi tok ansvar. Vi tenkte at vi måtte gjere noko aktivt.

Venstre hadde fem prosent støtte i lokalvalet, og sit no med varaordføraren og ein stortingsrepresentant. Eit av dei mektige partia i Kristiansund.

– Politikk handlar om oppslutning, men også om tillit. Vi meiner det er viktig at kan samarbeide med andre, seier Helseth.

– Kvifor blei det deg?

– Eg trur det har noko med at eg har lang erfaring i forhold fleire av dei andre kandidatane og eg har brei kunnskap, seier ho.

Varaordfører Kjell Neergaard

Kjell Neergaard (Ap) blei ordførar.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Arbeidarpartiet og Senterpartiet var først i forhandling om kven som skulle få ordføraren. Dei klarte ikkje å bli einige, og Senterpartiet fall utanfor samarbeidet. Dermed var varaordførarplassen open.

Maritta Ohrstrand (Sp) meinte dei skulle ha ordføraren fordi dei gjekk frå ein til elleve representantar i bystyret. Ap er framleis det desidert største partiet i byen, og derfor meinte Neergaard at det var sjølvsagt at dei fekk klubba. Og slik enda det.

Historisk samarbeid

Då det vart annonsert at Arbeidarpartiet og Høgre skulle samarbeide i Molde var mange kritiske, og ein trudde neppe at det same kunne skje i Kristiansund.

– Dette skjer i veldig mange bykommunar. Det er interessant å analysere i etterkant. Det gjeld ikkje berre her. Det er mange saker som viser at det er viktig at vi samlar oss, seier Helseth.

– Og slik næringslivet står no treng vi samla krefter for å sikre dagens næringsliv og utviklinga vidare.

– Kva er det du gleder deg til no?

– Det eg gleder meg til, saman med ordførar og bystyret, er å stake ut kursen for kva vi skal gjere framover. Det handlar blant anna om økonomien i kommunen.