Hopp til innhold

– Draumen er å bli utselt

Festivalsjefen for RaumaRock ser lyst på framtida etter to gode festivalsomrar.

Raumarock 2014

Festivalsjef for RaumaRock Dag Inge Landbakk ser lyst på framtida til festivalen.

Foto: Remi Sagen

– Draumen er at festivalen blir utselt, det er det ingen tvil om, seier ein lattermild Dag Inge Landbakk.

Etter økonomiske tap i 2010, 2011 og 2012 ser vinden ut til å ha snudd for RaumaRock. Eit lite overskot i 2013 og ei vidare auke i 2014 får festivalsjefen til å smile

– Både arrangementsmessig og økonomisk har årets festival vore ein suksess, seier han.

Hardt arbeid

Ifølgje Landbakk har RaumaRock gjort fleire grep på kostnadssida og jobba målretta for å redusere kostnadane og auke inntektene. Dei har blant anna gått i tett dialog med leverandørar og artistar, gjennomgått marknadsføringsbudsjettet og brukt færre midlar.

Raumarock 2014

Det var god stemning på RaumaRock 2014.

Foto: Remi Sagen

Landbakk innrømmer at snuoperasjonen ikkje berre har vore lett.

– Suksessen dei siste åra skuldast knallhard jobbing for å snu ein negativ tendens og skape ein levedyktig festival. Det er verkeleg fortent, seier han.

Festivalsjefen er takksam for sponsorar, andre bidragsytarar og frivillige som alle har bidratt til bevare festivalen. No vil dei satse vidare.

– 2014 var eit rekordår. Vi vil halde fram med å vere ein sprek og spennande festival, som kan trekkje til seg folk i alle aldrar. Raumarock er komen for å bli, seier han.

Godt i gong

RaumaRock er godt i gong med planlegging av festivalen i 2015 og har allereie offentleggjort seks band så lang: Status Quo, Ralph Myerz & the Jack Herren Band, Black Debbath, Backstreet Girls, Cazadores og Carnival Kids.

– Vi har fått på plass om lag 80 prosent av artistane. Det har vore lettare å få dei artistane vi ville i år enn tidlegare, seier Landbakk.

I 2014 opna festivalen med ein spektakulær konsert med Jonas Fjeld og band oppe på fjellet Nesaksla på Åndalsnes. Landbakk kan avsløre at dei planlegger noko liknande i år.

– Vi veit ikkje heilt kva det blir enno, men noko sprell blir det, seier festivalsjefen.



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL