NRK Meny
Normal

– Dette her går ikkje i lengda

Ferja har ein kapasitet på over 240 passasjerar. Men titt og ofte får berre ein tidel vere med. Dermed må både passasjerar og bilar stille seg i kø og vente til neste avgang.

Seivika - Tømmervåg

Her køyrer ein gassbil om bord. Dermed kan ferja berre ta 25 passasjerar sjølv om ferja er sertifisert for 245.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Slike problem kan oppstå ved mange ferjesamband. Men ferjesambandet Seivika – Tømmervåg er ekstra utsett. Sambandet ligg ikkje langt frå Tjeldbergodden. Der produserer selskapet Aga flytande naturgass. Denne gassen blir transportert med bil. Og bilane må ofte ta ferja. Ferja manglar skum-sløkkjeanlegg og når det er gass-bil-om bord får ferja lov til å ta med berre 25 passasjerar, sjølv om ho altså er sertifisert til å ta med 245.

– Det må gå an å ordne opp i dette her. Dette går ikkje i lengda, seier den ventande passasjeren Asbjørn Sørvik.

Asbjørn Sørvik

Asbjørn Sørvik fekk ikkje reise med ferja på grunn av at ferja hadde gassbil om bord. I bakgrunnen står Eva Ødegård. Ho hadde avtale på sjukehuset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK.

– Hadde time på sjukehuset

Han og mange andre må stå igjen på feil side av fjorden. Det gjer også Eva Ødegård. Ho hadde ein svært viktig avtale på andre sida av fjorden. Men ho fekk rett og slett ikkje vere med ferja sjølv om det var god plass om bord.

– Jada, seier ho. Eg skulle på ei røntgenundersøking på sjukehuset, forklarar ho.

Ordførar i Aure, Ingunn Golmen, seier at desse problema var varsla. Og ho stadfester at dette går hardt ut over folk.

Dei misser sjukehustimar, dei risikerer å misse flyreiser og det gjer i det heile teke situasjonen svært usikker for folk.

Mange gassbilar

Det store problemet er at sambandet blir trafikkert av ei ferje som ikkje har skumsløkkje-utstyr. Dermed blir det strenge restriksjonar når ferja skal frakte bilar med gass. Det er ikkje berre flytande naturgass (LNG) som blir frakta ut frå Tjeldbergodden, men også nitrogen og oksygen. Og etter at AGA gjenopna produksjonen av naturgassen i fjor har det blitt svært mange tankbilar med gass som skal fraktast over fjorden.

– Det hender at det står ein gassbil enten på Seivika eller Tømmervågen kvar gong vi kjem dit. Det er ugunstig. For då blir det mange som må stå igjen på land, seier Jonny Skjevling, skipsførar i Fjord1.

Fylkeskommunen har løyvt pengar til å bygge skumanlegg på den eine ferja i sambandet. Men dette kjem på plass først i oktober. Ifølgje samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal har forhandlingane med reiarlaget medverka til forseinkinga.

Det er ikkje godt nok. Dette er ein varsla situasjon. Varselet gjekk ut før AGA starta LNG-produksjonen på Tjeldbergodden, seier ordførar Golmen.

Henny Nordvik

I solsteika har Henny Nordvik sett seg ned mellom bilane. Ho tør ikkje forlate plassen. For det kan kome gassbil til neste ferje også. Då gjeld det å halde på plassen sin i køen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Må vente

I solsteika på kaia sit også Henny Nordvik. Ho skal over på andre sida. Og ho må vente tolmodig.

– Eg bur like ved ferjekaia. Men eg tør ikkje ta sjansen på å stikke heim i ventetida. Det kan kome endå ein gassbil. Då blir eg ikkje med på neste avgang heller, seier Nordvik.