Bygging av kulturhus er ei sak det har vore jobba hardt og lenge med i Kristiansund.
For eitt år sidan meinte rådmannen at prosjektet ville bli for dyrt, men no har han altså snudd på hælen. Ifølgje Tidens Krav vil rådmann Just Ingebrigtsen oppmode bystyret om å seie ja til å sende søknad til fylkeskommunen og staten om å få bygge eit nytt opera- og kulturhus.
- Les også:
Manglar framleis 34 millionar
Under eit møte onsdag ettermiddag la rådmannen fram innstillinga si. Ingebrigtsen ønskjer å finansiere 150 millionar ved sal av eigedom, medan 100 millionar allereie er sett av i økonomiplanen, skriv avisa. Dermed vil det stå att ei finansiering på 34 millionar kroner for kommunen, noko rådmannen då meiner er overkommeleg.
Ifølgje Kristiansund-avisa er totalkostnadane for det nye huset no rekna til bli 761 millionar kroner, men dette inkluderer også tidlegare utlegg.
Mindre enn først planlagt
På slutten av fjoråret vart politikarane presentert med ein redusert versjon der kvadratmetrane vart kutta frå 21000 til 15000. Dermed gjekk også prislappen ned frå 880 til 600 millionar kroner.
Den mest vesentlege årsaka til at ein klarer å spare over ein kvart milliard i forhold til det opphavlege prosjektet er at ein riv ned den eksisterande hovudbygninga i Langveien ungdomsskule. I det reviderte forslaget klarte in å sale
Dei faste leigetakarane i huset skal vere operaen, Nordmøre museum, biblioteket og kulturskulen.