– Det er framleis høg rasfare

Sjølv om ekstremvêret «Gyda» er over, så er ikkje arbeidet over for dei som passar på vegane i fylket. Det fortel fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen. – Det er framleis høg rasfare. Det er også fare for snø- og jordskred, seier han.

Tønnesen meiner at mange har tatt uvêret på alvoret. Så langt har ingen blitt alvorleg skadd i Møre og Romsdal som følge av ekstremvêret. Han fortel at arbeidet deira held fram utover fredagen.

– Vi har framleis strekningar som er stengde på grunn av skredfare og ras. Vi må ut og utnytte lyset og har geologar ute for å vurdere skadar og skredfaren. Vi har også bruingeniørar som skal ut, mellom anna til Surna, for å sjå om det har oppstått skader. I tillegg må vi følge med på om det har blitt undergravingar på vegane, og om dei er stabile, fortel han.

Tønnesen anbefaler folk å halde seg mest mogleg i ro, også i helga.

– Det er masse vatn no og høg vassmetning i vegane våre no. Det kan framleis vere vanskar på vegane, så dette er kanskje ikkje helga for å reise på hytta.

Ole Jan Tønnesen fylkesvegsjef Møre og Romsdal
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK