Hopp til innhold

– Eg lagar ikkje særordningar

Statsministeren forsvarar utsettinga av Molde sjukehus.

Video 0e14aa77-9555-49c1-a936-685d42cfbe9a.jpg

Sjå heile intervjuet frå Dagsnytt onsdag.

Statsminister Jens Stoltenberg stilte til intervju under Dagsnyttsendinga klokka 19.00 onsdag kveld. Sjukehusspørsmålet var oppe i Stortinget i dag.

Sjukehussaka i Stortinget

Der gjorde han to ting klart; det blir ikkje nytt sjukehus i Molde før Helse Midt-Norge har råd til å betale renter og avdrag. Regjeringa vil ikkje løyve ekstra midlar til prosjektet.

Legg økonomien til grunn

Under intervjuet forsvarte statsministeren avgjersla til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, om å utsette bygginga av nytt sjukehus i Molde til 2018.

– Økonomien i Helse Midt-Norge må vere så god at dei kan betale renter og avdrag, før byggeprosjektet kan starte. Det er å behandle dette sjukehuset likt med alle andre sjukehusprosjekt i Norge, seier Stoltenberg.

– Vi må følgje dei same spelereglane. Eg kan ikkje lage ei særordning for dette prosjektet.

Ingen ekstra midler

Styret i Helse Midt-Norge har tidlegare hevda at dei har innfridd alle krava om inntening, som var stilt til dei som føresetnad for å bygge det planlagde nye sjukehuset på Eikrem.

Styreleiaren i Helse Midt-Norge trur Helseministeren har skjult agenda

Ifølge Stoltenberg har styret sendt eit brev til Helse- og Omsorgsdepartementet der dei skriv at det ikkje er rom for det planlagde sjukehuset innanfor dei økonomiske rammene dei har fått.

Nokon ekstraløyvingar blir det ikkje tale om, og difor kan heller ikkje sjukehuset byggast no, ifølge statsministeren.

Likebehandling

– Desse rammene er dei same som helseføretaka i resten av Norge har å forhalde seg til. Det er mange stadar der det er behov for nye sjukehus, derfor har vi og tredobla investeringa i nye sjukehus. Men, det må være nokre rammer og spelereglar, og dei må være lik for alle.

Helseministeren og regjeringa har vore skulda for løftebrot og det har vore varsla utmeldingar frå Ap.

- Befolkningen holdes for narr

Tidlegare statsråd hevdar det blei lova ekstra pengar

Kva skal AP-folk i Møre og Romsdal sei til veljarane når dei skal drive valkamp om eit knapt år?

– At vi investerer i meir sjukehus enn nokon gong, og at vi likebehandlar prosjekter over heile landet, svarar Stoltenberg.