Hopp til innhold

Helseministeren har skjult agenda, hevdar styreleiaren

Styreleiaren i Helse Nordmøre og Romsdal skuldar regjeringa for løftebrot. Han meiner regjeringa har ein skjult plan for utviklinga av sjukehusa i området.

Helge Aarseth

Styreleiar Helge Aarseth meiner helseministeren tilslører kva som er det eigentlege målet når det gjeld sjukehusstrukturen.

Foto: NRK

Styreleiar i Helse Nordmøre og Romsdal, Helge Aarseth, seier det berre er eit skalkeskjul når utsetjinga blir begrunna med økonomi.

– I klartekst betyr brevet frå helseministeren at ho går for ein annan sjukehusstruktur enn styra. Det betyr i klartekst også at Nye Molde sjukehus aldri kjem til å bli bygd. Men dette er kontroversielt å seie. Derfor blir det tilslørt på ulike måtar. Dette reagerer eg veldig sterkt på, seier Helge Aarseth.

Eitt sjukehus er den eigentlege planen

Då helseministeren besøkte Molde i går, stadfesta ho at eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal er eit aktuelt alernativ, og at det kan bety at sjukehuset kan bli bygt ein annan stad enn i Molde. No hevdar Helge Aarseth at dette er den eigentlege planen.

–Vilkåra for bygging er oppfylt

Aarseth meiner statsministeren og fleire helseministrar har lovt byggjestart i 2012. Desse lovnadene er brotne, seier han. Der var nokre vilkår, men desse er oppfylt, seier Aarseth.

– Det var knytt to vilkår til tidspunktet for byggjestart. Det eine var at kostnadsramma skulle reduserast. Det andre var at Helse Midt-Noreg skulle få orden på eigen økonomi. Begge desse føresetnadene er oppfylt. Kostnadsreduksjonen er innvevd i prosjektet. Og i 2009 leverte Helse Midt-Noreg eit positivt økonomisk resultat, seier Helge Aarseth.

– Helseforetaka er overkøyrde

Aarsth meiner helseforetaka er overkøyrde. For styret er dette problematisk.

– Eg føler at den tilsløringa som skjer no er uverdig for oss som arbeider i helseforetaket. Det seier seg sjølv at det blir meir enn problematisk å delta i styrearbeid når måla kan flyttast på heile tida og løfte ikkje blir stått ved, seier Aarseth.

Betyr det at du har planar om å trekkje deg?

Det har eg ingen kommentar til no, seier styreleiar Helge Aarseth.