Det har vore den store draumen for Sissel Kathrin Lillebø og Alex Klein-Paste. Paret ville veldig gjerne gifte seg på Reindalssetra i Tafjordfjella, og i helga gjekk arrangementet av stabelen.
– Me hadde om lag 70 gjestar på setra, fortel Lillebø.
Stort aldersspenn
Den yngste bryllaupsgjesten var åtte månader gamal. Den eldste var 71 år. For fjellvande folk går det mellom to og tre timar å kome seg til setra. For dei som brukte lengst tid denne helga tok det fem timar.
– Den yngste som gjekk var nevøen min på tre år, fortel Lillebø.
– Han brukte fem timar på turen, men var like blid. Og han sov godt den følgjande natta, fortel brura.
Måtte leite etter prest
I desember skreiv NRK om
. Bryllaup skal nemleg helst skje i kyrkja, og ikkje ute i Guds frie natur. Dermed måtte paret på jakt.Det førte til at turleiar, tidlegare speidar, og pastor
.– Kombinasjonen at eg har vigselsrett og at eg elskar friluftsliv gjer at det var naturleg for meg å ta eit slikt oppdrag, sa Sekkelsten til NRK i desember.
Som draumen
Med Sekkelsten med på laget kunne paret gjennomføre bryllaupet dei hadde planlagt. Tre dagar til ende vart det feira på Reindalssetra. Fredag ettermiddag kom gjestane til fjells.
– Det vart akkurat slik me hadde drøymt om. Når folk kom opp i ausande regn på fredag, men likevel smilte frå øyre til øyre, då skjønte me at dette vart bra, seier Lillebø.
Ho understrekar at dei fekk stor hjelp til både overnatting og servering på setra. Med brennsnutservering vart alle gjestane ønskte velkomne fredag kveld. Laurdag morgon og formiddag vart nytta til fjellturar og bading i iskaldt vatn. Deretter tok sjølve vigselsseremonien til klokka 14.
Eksotisk sunnmørsreklame
– Det var tolv gjestar frå Nederland, og for dei var dette veldig eksotisk, seier Lillebø. For naturen i Tafjordfjella gjorde inntrykk på gjestane.
Både norske og utanlandske gjestar gav inntrykk av at dei gjerne ville tilbake til fjella, og at opplevinga var bra. Fredag regna det då gjestane kom. Laurdag var det regn medan bryllaupsselskapet åt, men letta opp til kvelden og dansing. Søndag viste Tafjordfjella seg frå si beste side då gjestane gjekk ned att frå setra.
– Det er fyrste gong mange av gjestane har vore her, og mange har sagt at dei gjerne ville kome tilbake. Dei fekk sett tre av fire årstider, men fekk heldigvis med seg fjella bada i sol som sisteinntrykket, fortel Lillebø, som er godt nøgd med bryllaupshelga.