Hopp til innhold

Jaktar på fjellvand prest

Sissel Lillebø og Alex Klein-Paste er på desperat jakt etter ein sprek prest. Paret vil gifte seg i Tafjordfjella til sommaren, men manglar nokon til å vie seg.

Sissel Lillebø og Alex Klein-Paste

FRILUFTSPAR: Han fridde på fjelltur. No vil dei også gifte seg på fjellet.

Foto: Privat

Sissel Lillebø og Alex Klein-Paste

VIL GIFTE SEG I FRILUFT: Sissel Lillebø og Ales Klein-Paste håper å ha bryllaupet sitt utandørs neste sommar.

Foto: Privat

Sissel Lillebø frå Skodje elskar å gå i fjellet og hadde sommarjobb på Reindalssettra i Tafjord då ho var tenåring. Også kjærasten Alex Klein-Paste frå Nederland har fått smaken på bratte fjell.

Då han fridde, skjedde dette på ein fjelltur. No har paret bestemt at det er naturleg å halde bryllaupet ved turistforeininga sine hytter på Reindalssetra. Men ein vesentleg ting manglar, nemleg presten.

– Vi har fått mange hyggelege svar frå prestekontora, men så langt ingen prest som kan utføre oppgåva, seier Lillebø.

– Ikkje så enkelt

– I utgangspunktet er ikkje dette så enkelt, seier Svein Runde. Han er prost i Austre Sunnmøre prosti, og forklarer at biskopane i Noreg har avgjort kvar vigslar skal skje.

– Når det gjeld vigslar, så skal dei knytast til kyrkjene primært. Elles kan dei knytast til nokre stader der det er tradisjon for å halde gudstenester, seier prosten.

Reindalssetra er i utgangspunktet ikkje ein slik stad, men Sissel Lillebø har ikkje heilt gitt opp.

Tre dagar til ende

Bryllaupet skal vare tre dagar til ende med fleire fjellturar på programmet i St. Hanshelga sommaren 2013. Bruda gler seg til å vise si nederlandske svigerfamilie alle dei fine fjella, men fryktar at sjølve vigselen ikkje blir slik dei har tenkt.

– I verste fall må vi gifte oss på førehand og heller ha ein alternativ seremoni på fjellet, seier Lillebø.

Ho forstår at det er eit stort press på prestane frå folk som vil gifte seg på dei underlegaste plassane, men håper likevel at det skal ordne seg.

Fryktar merksemda går til andre ting

Prosten trur ikkje at Reindalssetra er aktuell som vigselstad, og seier innstramminga kom etter mange spesielle bryllaup.

– Opp gjennom har det vore ein del spesielle tilfelle av vigsler. I telefonkioskar eller fallskjerm, sånne ting som tek merksemda vekk frå dei tinga som skal vere ramma for ein vigsel, seier han.

Prosten håper å finne ei løysing i dialog med paret, og seier fleire har bede om bryllaupsseremoniar andre stader enn i kyrkjer, mellom anna medan han sjølv var prest i Geiranger.

Håper på ein prest

Kokka Klara Grindvik er 86 år og ho skal kome i helikopter. Der er det også plass til ein prest, så det føreligg ikkje noko stort krav om kondis.

– Det må finnast ein prest der ute som har lyst, seier Lillebø.