Hopp til innhold

Torskeoppdrett enda i flopp for ti år sidan – no vil fleire satse

AVERØY (NRK): Alle forsøk på oppdrett av torsk har enda i fiasko, men dette kan vere i ferd med å endre seg. No trur næringa torsken kan gi eit oppdrettseventyr langs kysten.

Torskeoppdrett. Slakt i Averøy.

Fleire aktørar satsar no på torskeoppdrett på nytt. Denne torsken har vakse opp i merdane i Vanylvsfjorden ved Stad, og er sendt med lastebil til Spania.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Gründerane kjem inn på fiskeslakteriet på Nordmøre. Der får dei sjå at partiet deira med 150 tonn torsk endeleg skal bli mat. Dei trur dette er starten på noko stort.

Fisken blir frakta med brønnbåt klokka 04 på natta så slaktinga kan begynne tidleg. Så blir dei sendt med lastebil i full fart ned til spanske forbrukarar.

– Dette er supergøy. Det har tatt mange år kome hit, men vi trur dette er det neste oppdrettseventyret, seier administrerande direktør i Statt torsk, Gustav Brun-Lie.

Fisken har vakse seg stor i merdane ved Stad, akkurat som ein gjer i stor skala med oppdrett av laks og aure. Men oppdrett av torsk har til no ikkje fungert så godt.

Sist gong det blei prøvd gjekk næringa på ein smell.

Slakt av oppdrettstorsk i Averøy.

Gründerane er glade for å kunne sende avlinga ut til den søreuropeiske marknaden.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Finanskrise og tidleg utvikla torsk

I 2003 starta regjeringa opp eit nasjonalt avlsprogram for torsk. Målet var at den norske oppdrettsnæringa skulle kunne drive med torskebruk på same måte som med laks og aure.

Dei brukte då ein tidlegare generasjon tamtorsk, som ikkje var like tilpassa eit liv i merdane.

Mange satsa stort, men prissvingingane i marknaden for villtorsk gjorde det vanskeleg for oppdrettarane. Så kom finanskrisa, og i 2014 var det heilt slutt.

– Var det ein fiasko?

– Det må ein kunne seie. Det meste av etablerte verksemder som bygde seg opp kommersielt, bukka under, seier sjefanalytikar i Kontali analyse, Ragnar Nystøyl.

Han trur den store testen for torskeoppdrett kjem når ein skal skalere opp prøve dette ut i ein mykje større skala.

– Heilt utruleg

Øyvind Johannes Hansen ved Nofima har forska på avl sida programmet starta. Han er svært begeistra over å kva gründerane har fått til med fjerde generasjon av avlstorsken deira.

Øyvind Johannes Hansen i Nofima

Øyvind Johannes Hansen ved Nofima leiar Nasjonalt avlsprogram for torsk. Han trur det er viktig at næringa får fleire artar i produksjon, så dei har fleire bein å stå på.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er heilt utruleg. Det er første gong fisken er større og svinnet lågare enn forventa, seier Hansen, som no leiar avlsprogrammet.

Han meiner dette er ein milepæl i torskeoppdretten si historie.

Avlinga av torsk har no kome mykje lenger enn den gjorde for ti år sidan.

– Før var torsken kjent som havets Houdini. No har den slutta å forsøke å rømme, veks betre og er godt tilpassa eit liv i oppdrett, seier Hansen.

Har trua på næringa

Statt torsk har lagt nesten 40 millionar kroner i anlegget sitt i Vanylvsfjorden, og jobbar med å hente inn 100 millionar kroner til nytt anlegg. Dei håpar å produsere 3000 tonn i 2022, og 9000 tonn i 2025.

Norcod i Trøndelag satsar langt større igjen. Dei gjekk inn med 250 millionar kroner på Oslo børs i oktober. Dei reknar med å slakte første avling på heile 6500 tonn til våren, skriv DN.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen har stor tru på torskeoppdrett framover.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen synest det er spennande at ein har kome fram til ein fisk som taklar oppdrett, og at fleire no satsar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Dette er rett og slett kjempeflott. Det er satsa betydelege middel på å avle fram denne torsken, og no ser det veldig lovande ut for at dette kan vakse framover, seier han.

Han lovar gode rammevilkår for næringa framover.

– Ser du på kva folk et i dag er det betydeleg potensial. Dette er sunn og klimavennleg mat som folk treng, seier Ingebrigtsen.