Hopp til innhold

Byen var utan smitte - no må 600 i karantene

Fleire hundre personar må i karantene og teste seg etter eit smitteutbrot i Kristiansund.

Kristiansund sentrum

Sju personar har fått påvist koronasmitte i Kristiansund. Kommunen jobbar med smittesporing.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I lang tid har Kristiansund vore utan koronasmitte, og Møre og Romsdal har minst smitte av alle fylka i landet.

No er situasjonen snudd på hovudet for nordmørsbyen. Sju personar har fått påvist covid-19. Kommunen jobbar intenst med smittesporing. Fire av smittetilfella er knytt til serveringsstaden Rensvik Pizza og Grill.

– Det har vore veldig mange gjestar innom. Det kan dreie seg om opp mot 600 menneske, seier Tore Lyngvær. Han er kommunikasjonssjef i kommunen.

Alle som har vore og ete på restauranten sidan 18. september må i 10-dagars karantene frå den datoen dei var der. Kundar som har bestilt take away må i karantene dersom dei får symptom på luftvegssjukdom eller feber. I tillegg må personane teste seg.

Rensvik pizza og grill

Ingen har oversikt over kven som har vore på serveringsstaden. Fire smitta personar har fått påvist smitte etter å ha vore her.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Manglar gjesteoversikt

Utfordringa er at ingen har oversikt over kven som har vore på serveringsstaden, så kommunen er avhengig av at folk gjer som dei får beskjed om.

– Vi veit at både ei skuleklasse og eit fotballag har vore der. Elles trur vi at det er små grupperingar, seier Lyngvær.

Starter åpning av breddeidretten - flere kan gå på kamp

Smitta var på utestadar

I tillegg har kommunen ei anna komplisert smittesporing på gang. Ein person som var på besøk i Kristiansund i helga, har i etterkant testa positivt på korona.

Vedkomande besøkte fleire utestadar under opphaldet. Personar som har vore på utestaden Dråper etter klokka 21.00 laurdag kveld blir også bedne om å teste seg og gå i karantene.

– Vi veit ikkje kor mange dette kan gjelde, seier Lyngvær.

Koronatesting i Kristiansund.

Kommunen har auka testkapasiteten etter smitteutbrotet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Aukar testkapasiteten

Kristiansund kommune har no dobla testkapasiteten for å få kontroll på situasjonen. Tysdag blei om lag 150 personar testa. Onsdag er målet å teste 180. Kommunen reknar med at dei første prøvesvara kan kome i kveld.

– Det verste som kan skje er at vi får ei smittebølge i Kristiansund som vi ikkje har oversikt over, seier Lyngvær.

Kristiansund kommune har skjerpa beredskapen til gult nivå og det er innført besøksstans på alle sjukeheimane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL