Hopp til innhold

50 helikopterturar til hyttene

Dei komande dagane blir det gjennomført ein stor dugnadsinnsats for å få mat og utstyr ut til Ålesund-Sunnmøre Turistforening sine 13 hytter. Dei fjellglade folka har funne ut at helikoptertransport er det mest miljøvennlege. – På fredag blir det femti helikopterturar ut til hyttene, seier dagleg leiar Linda Flem i turistforeininga, og då blir det frakta opp store mengder gass, ved, og proviant.

Dagleg leiar Linda Flem og aktivitetsansvarleg Åsmund Steen i Ålesund-Sunnmøre Turistforening.
Foto: Turistforening