Frå talarstolen blei dei femti åra til flyplassen framheva som ei suksesshistorie. Og dei frammøtte kunne sjå nærare på eit flaggsmykka DC3 Dakota-fly, ein av flytypane som trafikkerte Vigra frå 1958 og nokre år framover.
Høyr utdrag frå NRK-reportasjen frå opninga av flyplassen 7. juni 1958. Reporter: Arne Græsdal.
Først ut av det første flyet 7. juni 1958 kom stortingspresident Nils Langhelle, følgd av samferdselsminister Kolbjørn Varmann.
Foto: Ukerevyen/Norsk Film/NRKGrå dag, store voner
Opningsdagen i 1958 var grå og skoddetung. Det første flyet som landa på Vigra var flyet frå Oslo med gjester bl. a. frå Storting og regjering - ein DC4 Skymaster. Seinare landa ein DC3 Dakota frå Trondheim. Det var desse to Douglas-flytypane, forutan De Havilland Heron, som flaug på Vigra dei første åra.
Samferdselsminister Kolbjørn Varmann sa i talen sin bl. a:
"Hvis vi kan samle oss om trafikken, er her så mye å bygge på at det er grunn til å tro at vi om kort tid kan få virkelig stor trafikk her. Det er så mye å reise til og så mange driftige mennesker som skal reise ut, både langt og kort."
Arne Birkevold (t.v.), formann i flyplasstyret, blir gratulert av stortingspresident Nils Langhelle.
Foto: Ukerevyen/Norsk Film /NRKEkspedisjonsbygget på opningsdagen
Foto: Ukerevyen/Norsk Film/NRKOptimisme for dei neste 50 åra
Avinors konsernsjef Sverre Quale gratulerte flyplassjef Tor Hånde med ei lufthamn som ber seg svært godt, betre enn nokre av dei større flyplassane. Fylkesordførar Olav Bratland understreka kor viktig Vigra er for næringsliv og busetnad i fylket, og sa at dei forventningane som blei stilte til flyplassen, er meir enn innfridde. Men radiomasta som ein for 50 år sidan var skeptisk til når det gjeld flytrafikken, den står der enno. Kanskje tida no er moden til å gjere noko med den, sa Bratland.
Ordførar Knut Støbakk i Giske sa i talen sin at han er stolt over å ha Ålesund lufthamn i sin kommune. Nest etter kommunen er det den største arbeidsplassen i Giske. - Utan flyplassen hadde vi vel ikkje hatt tunnelane, vi måtte framleis til ferjekaia på Valderøya for å komme oss ut av kommunen, sa Støbakk.
Mange ville sjå korleis eit fly av typen som trafikkerte Vigra i 1958 såg ut inni.
Foto: Odd Sørås / NRKTerje Hansen frå Dakota Norway
Foto: Odd Sørås / NRKFørarkabinen, DC3
Foto: Odd Sørås / NRK