Hopp til innhold

– Ein trist dag for Stordal kommune

36 tilsette misser arbeidet etter at Stordal Møbler er konkurs. Arbeidet er allereie i gang for å skape ny aktivitet i fabrikklokala.

36 tilsette misser arbeidet etter at Stordal Møbler er konkurs. Arbeidet er allereie i gang for å skape ny aktivitet i fabrikklokala.

Stordal-ordførar Charles Tøsse seier det er eit stort tap for kommunen at Stordal Møbler no er konkurs (Foto: Frode Berg).

Etter å ha gått med store underskot dei siste åra er møbelprodusenten Stordal Møbler konkurs og 36 tilsette misser arbeidet i ein kommune som har vore kjent for å ikkje ha arbeidsløyse.

– Det er sjølvsagt ein trist dag for dei tilsette og stordalssamfunnet, som går glipp av 36 arbeidsplassar, men eigarane arbeider med å skape ny aktivitet, seier styreleiar Paul Urke til NRK Møre og Romsdal.

Blei sende heim

Paul Urke

Styreleiar Paul Urke seier det ikkje var ei lett oppgåve å gi 36 tilsette beskjed om at Stordal Møbler er konkurs.

Foto: Jan Ove Øvrebust

Etter allmannamøtet klokka 12.30, der dei tilsette fekk beskjeden om at Stordal Møbler er konkurs, var arbeidet over for dei 36 tilsette. I morgon tidleg skal det vere eit nytt møte for dei tilsette, men produksjonen har stoppa.

– Dei tok det jo med fatning, men det er sjølvsagt trist og ei utfordring å kome i ein slik situasjon no rett før ferien, seier Urke.

Sviktande omsetning

Ifølgje ei pressemelding frå Stordal Møbler har omsetninga falle kraftig spesielt det siste året, med sju millionar til 48 millionar.

– Vi har ikkje klart å redusere kostnadene raskt nok til at selskapet har likviditet til å betale rekningar, då har styret ei plikt til å melde oppbod, seier Urke nøkternt.

Ordførar i Stordal, Charles Tøsse, seier det er ein trist dag også for kommunen og omtalar Stordal Møbler som ei bedrift som har tatt eit lokalt samfunnsansvar utover det ein kan forvente seg.

– Det er ei hjørnesteinsbedrift i Stordal som no blir vekke. Denne bedrifta har på sin måte bidrege med å utvikle lokalsamfunnet her.

36 tilsette misser jobben, er det arbeid for desse i kommunen?

– Nei, det er det definitivt ikkje, slik over natta. Heldigvis er vi ein del av ein større region, og det blir meir og meir pendling.

– Trist for alle partar

Hovudtillitsvald i Stordal Møbler, Håvard Olsen, fekk vite om konkursen litt før dei andre.

– Det var ikkje gøy å gå ned og sitje blant folk då dei fekk beskjeden, fortel han.

Olsen seier at han verken er bitter eller overraska over bodskapen, men at det heile likevel kom brått på.

– Eg har ikkje fått snakka med så mange av dei tilsette enno, men eg trur dette er trist for alle partar. Vi hadde trua på at dei skulle greie å forandre på det, men det skjedde ikkje.

Forutan å snakke saman med dei tilsette, seier han at det ikkje er mykje ein kan gjere med konkursen.

– Det beste hadde vore om det blir ny drift igjen, for det er eit lite lokalsamfunn med tusen menneske. Håpet er at folk får att arbeidet i si bygd.

Prøvar å starte ny drift

Dei tidlegare eigarane av Stordal Møbler arbeider no for å sjå om det er råd å etablere ny drift i lokala.

– Dette må skje raskt dersom det skal lukkast, vi snakkar om ferskvarer, og dersom vi ikkje kjem i gang igjen raskt, taper vi marknaden, seier styreleiar Paul Urke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL