Hopp til innhold

Trafikklærar sikta for å ha krenka elevar

Ein trafikklærar i Møre og Romsdal er sikta for å ha krenka fleire elevar seksuelt. Politiadvokat Mathias Häber seier til TV 2 at tre unge kvinner meiner dei har blitt utsett for både fysisk og verbal seksuell krenkande åtferd.

For nokre veker sidan blei mannen også sikta for erverv av bilde som seksualiserer barn. Häber seier at det står igjen noko arbeid før ei påtalemessig vurdering er ferdig. Mannen nektar straffskuld for begge siktingane.

Politijurist Mathias Häber
Foto: Remi Sagen / NRK