Hopp til innhold

285.000 kr i bot

Ein mann i 50-åra må betale 285.000 kroner i bot for å ha køyrt for fort med promille. Mannen vart tatt i 96 km/t i ei 80-sone i Romsdal. I tillegg hadde han ei promille på 0,6. Han forklarte i retten at han hadde drukke fire, fem glas raudvin kvelden før, men ikkje kjente seg rusa. Fordi mannen har ei direktørstilling med høg løn blir bota ekstra dyr. Han mistar også førarkortet i eitt år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL