Hopp til innhold

Kriseår for norsk hotellnæring – men på dette hotellet peikar alle piler oppover

ØYE (NRK): Koronaviruset gjorde 2020 til eit elendig år for mange norske hotell. Men medan kollegaer over heile landet gjekk permitterte, var dette hotellet fullbooka.

Hotel Union Øye.

HISTORISK HOTELL: Sidan starten i 1891 har hotellet vore populært blant kongelege og kunstnarar. Keisar Wilhelm II, Kong Haakon, Sir Arthur Conan Doyle og Edvard Grieg, er nokre av gjestane som har fått rom kalla opp etter seg.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

I den vesle sunnmørsbygda Øye i Hjørundfjorden, er det i vinter fleire handverkarar enn fastbuande. Tre kraner ragar over det vesle trehotellet frå 1891.

Hotel Union Øye har overlevd verdskrigar og pandemi tidlegare. Heller ikkje koronaviruset la nokon stor dempar på stemninga.

Hotelldirektør Mariann Øye ynskjer velkommen utanfor hovudinngangen. Ho har god grunn til å smile.

– Det kjennest nesten gale å seie det, men 2020 var eit fantastisk år for oss. Vi endar nok rundt 2 millionar over budsjett, seier Øye.

Mariann Øye, hotelldirektør, Hotel Union Øye.

NØGD HOTELLDIREKTØR: Det er ikkje mange i hotellbransje som kan smile så godt over fjoråret som Mariann Øye.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Eit frykteleg år

Den gode sesongen på Øye står i sterk kontrast til korleis dei fleste andre norske hotell har hatt det sidan mars.

Tal frå SSB viser at talet på overnattingar på hotell sank med over 40 prosent. Når det gjeld utanlandske gjester var nedgangen på meir enn 70 prosent.

Det er svært vanskeleg for ein bransje som har små marginar frå før av, forklarer Kristin Krohn Devold. Ho er administrerande direktør i NHO Reiseliv.

– Det var eit frykteleg år. I heile 2020 har hotell over heile landet måtte slost for å overleve. Ein har vore heilt avhengig av hjelp frå myndigheitene, seier Devold.

Kristin Krohn Devold

NHO REISELIV: Kristin Krohn Devold konstaterer at 2020 vart eit forferdeleg dårleg år for norske hotell.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Devold peikar på at Hotel Union Øye er i ei særstilling som eit lite, men godt kjent hotell med mykje norske gjestar.

I 2020 var den store trenden at nordmenn skulle oppleve det beste av norsk natur.

– Det er eit fantastisk hotell som har vore tru til ein strategi sidan starten i 1891. Naturen var grunnen til at hotellet vart bygd. Og den plasseringa i spektakulær natur, ved foten av eit ikonisk fjell som Slogen, er framleis hotellet sin største styrke, seier Devold.

Slogen

SLOGEN: Med sine 1564 meter over fjorden, vert Slogen rekna som ein av dei mest spektakulære fotturane i Noreg.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

Utvidar hotellet

No er det hektisk byggjeaktivitet rundt det vesle hotellet. Etter eit godt 2020 er hotellet mellombels gjort om til ein byggjeplass.

– Det er motiverande å klare eit sterkt resultat i eit så spesielt år. Og vi gler oss til å gje gjestane eit enda betre tilbod når vi opnar igjen, seier Øye.

Med utvidinga får hotellet mellom anna eit påbygg med heis og seks nye suitar.

Hotel Union Øye under utviding.

STØRRE ROM: Det gamle trehotellet får eit tilbygg med seks suitar og heis.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

På Øye merkar dei at store rom og moderne bad er viktig for norske hotellgjestar. Og etter eit år med så godt som berre norske gjestar, er det viktig å henge med i den marknaden.

– Vi såg i sommar at når nordmenn fyrst er på tur, så er dei klare for å bruke pengar. Folk har oppdaga at vi har like spektakulær natur her på Sunnmøre som i Lofoten, men vi er mindre avhengig av flytrafikk. Gjestane kan køyre frå Oslo og hit på ein ettermiddag, seier Øye.

Mariann Øye med Hotel Union Øye i bakgrunnen.

BYGGJEPLASS: I tillegg til å byggje på det gamle trehotellet, vert det ført opp fleire nybygg som ei del av utvidinga.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK