Idyllisk plassert mellom fjell og natur i enden av Norangsfjorden i Ørsta ligg Hotel Union Øye. I spisesalen til det tradisjonsrike hotellet går Athina Øye-Mork (7) bestemt rundt. Effektivt bytter ho utbrente lys med nye.
Uttrykket «Den må tidleg krøkast som god krok skal bli» samanfattar sjuåringen godt. I dag har ho tittelen som viseadministrerande direktør ved hotellet. Men ambisjonane er klare.
– Eg har lyst å bli hotelldirektør på dette hotellet, seier Øye-Mork bestemt.
– Stolt
Hotel Union Øye, som blei opna i 1891, har opp gjennom tidene vore eit reisemål for kongelege, og kjente forfattarar og kongelege. Akkurat som mora har sjuåringen vakse opp tradisjonsrike hotellet. Der hjelper ho til med store og små oppgåver.
– Eg trur eigentleg ikkje det er lov å byrje å jobbe her før ein er 16 eller 18 år, men eg har lov, seier Athina.
Ho vil følge i fotspora til mora, Mariann Øye. I 2008 blei ho den yngste hotelldirektøren i Noreg, berre 23 år gammal.
– For det første er det veldig stas at ho faktisk ikkje berre må vere med på jobb, men at ho er genuint interessert.
– Eg blir stolt og kjenner meg også veldig godt igjen i den gleda med å vere med gjestar og å få drive hotell. Det blir nesten som å reise tilbake til tid, held ho fram.
Klare framtidsmål
Gjestane på hotellet blir imponert over den hardtarbeidande sjuåringen.
– Dette har du anlegg for, seier ein av gjestane, medan Athina hjelper mora å servere mat og drikke.
– Eg trur ho har det i genane, seier Øye med eit smil.
Athina har også klare planar for korleis ein kan utvikle hotellet i framtida.
– Vi skal kanskje lage eit basseng som ein kan skøyte på til vinteren.
Mora er i alle fall sikker på at ho har dei eigenskapane som trengst til å ein dag ta over sjefsjobben.
– Eg byrja å springe i gangane her når eg var tre år. Min store draum var også å bli hotelldirektør, men ein måtte jo starte ein plass. Eg har jo fått det til og då klarer ho det også, seier Øye.
– Fantastisk bransje å jobbe i
Hotellet i Ørsta er ikkje det einaste hotellet der leiinga går i arv. Også på Hotel Union Geiranger har direktørjobben vore i familien i fire generasjonar. Men Sindre Mjelva hadde ikkje same ambisjonar som Athina då han var sju år.
– Eg skulle bli jagarpilot, det var det ikkje tvil om, seier Mjelva.
Sidan den gong har han kome på andre tankar. For 20 år sidan tok han og kona Mona M. Mjelva over Hotel Union Geiranger. Det var ikkje heilt tilfeldig, meiner han.
– Det var ikkje gitt at eg skulle ta over. Etter eg vart ferdig med utdanninga mi som siviløkonom fekk eg jobb i ein stor hotellkjede. Der fekk eg utruleg mykje erfaring og verkeleg respekt for korleis ein skal drive hotell, seier han.
I bakhovudet låg alltid familiehotellet i Geiranger. Sindre meiner Athina verkeleg har valt draumejobben.
– Det er ein fantastisk bransje å jobbe i, du får møte så mange forskjellige menneske. Så ho kan berre gle seg.