Hopp til innhold

13.4 millionar til breiband

Møre og Romsdal fylke får 13,4 millioner kroner for breibandsutbygging

Mynter og sedler i Euro.
Foto: Illustrasjonsfoto.

Ragnhild Aarflot Kalland(Sp)

Stortingsrepresentant Ragnhild Aarflot Kalland frå Senterpartiet.

Foto: Anita Vingen/Møre og Romsdal Fylke

- Pengane vil bli nytta for å oppnå full breibandsdekkning i fylket, seier Stortingsrepresentant Ragnhild Aarflot Kalland frå Senterpartiet.

Restmiddlar

Pengane er restmiddlar etter at utrekningskriteria for differensiert arbeidsgivaravgift er endra. Stortingsrepresentanten seier ho rekner med at potten blir delt på fleire fylke og at Møre og Romsdal får først i dag vite at dei får pengane.

Viktig for distrikta

Aarflot Kalland påpeiker at full breibandsutbygging har mykje å seie for distrikta.

- Dette er svært viktig for bosetjinga i fylket. Pengegåva stimulerar til utbygging, særleg i dei områda der det ikkje er kommersielt lønnsamt å bygge ut, seier Aarflot Kalland.