– Vi treng 20 nye medarbeidarar som skal hjelpe oss å gjennomføre dei nye jobbane vi no har fått, fortel Jan Reite.
Han er personal- og HMS-sjef i entreprenørfirmaet K.A. Aurstad og var frampå under jobbmessa i Ørsta. Bedrifta har blitt stor på vegbygging, mellom anna den prestisjetunge utbygginga av E6 i Gudbrandsdalen, og no må dei utvide frå 170 til 190 tilsette.
Dei går offensivt ut og éin av dei som er interesserte er unge Christoffer Helset frå Volda.
CV i handa
Helset har vore arbeidslaus sidan desember og møter opp på jobbmessa med CV-en i handa.
– Det er ganske kjedeleg å gå rundt heime no. Eg tenkjer at så lenge eg får meg jobb så er eg fornøgd, fortel ungguten til NRK.
Jan Reite i K.A. Aurstad vil tilsette 20 nye personar på grunn av stor arbeidsmengd i bedrifta.
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRKReite i K.A. Aurstad var éin av fleire som prata med Helset.
– Det som er viktig for oss er at du viser motivasjon og at du har lyst til å komme i arbeid, seier Reite til ein lyttande volding.
Helset er på jakt etter alt frå butikkjobb til jobb i industri. Sjølv om han ikkje finn seg jobb på messa, så kan det skje i etterkant.
– Vi tilset ikkje direkte her i dag, men det kan skje fort etter messa er ferdig, seier Reite i entreprenørfirmaet.
Ministeren trur på betre tider
Heile 1200 menneske hadde møtt opp på Kulturhuset i Ørsta. I fjor var det 55 personar som fekk seg arbeid på messa, i år er målet 75.
På besøk var òg arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) som trur på betre tider i arbeidsmarknaden.
– Framleis så slit olje- og gassektoren og dei som leverer til olje og gass, men vi ser også at det lysnar i mange næringar, og det er eg glad for, seier ministeren til NRK.