Hopp til innhold

Kuttar i løyvinga til NORSØK: – Dette er heilt uforståeleg

Dagleg leiar ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) på Tingvoll, Turid Strøm, stiller seg uforståande til kutta dei har fått i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

I dag reiser ho for å vere med på høyringa om statsbudsjettet i Stortinget. – Dette er kutt som gjer jobben vanskelegare, seier ho.

– Vi er veldig overraska. Justert for prisstigning så er det ein nedgang på nesten 10 prosent i forhold til løyvinga i 2025. Det skjer samtidig som Stortinget har vedtatt at det skal vere 10 prosent økologisk produksjon.

Signala som regjeringa gir, er heilt feil, meiner stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp).

– Etter mitt syn så føyer det seg inn i rekka av smålege kutt.

Turid Strøm
Foto: NORSØK