Hopp til innhold

TV2: Deler av Skarfjellet har flytta seg 5,5 meter

Deler av Skarfjellet i Sunndal har flytta seg fem og ein halv meter i sommar, det skriv TV2.

NVE åtvarar framleis om ferdsel i området, sjølv om farta på rørslene er langt lågare.

Tidlegare i sommar gjekk NVE ut og åtvara mot eit stort fjellskred i området og målingar viste unormalt store rørsler i fjellet.

TV2 skriv at radarovervakinga blir erstatta med eit kamera når snøen kjem.