Hopp til innhold

Vil gjere fylkesveg i Rauma statleg

Folk og næringslivet i Rauma bør jobbe for at Langfjordsambandet på fylkesveg 64 mellom Rauma og Molde blir ein statleg veg.

Det seier nestleiar i Stortinget sin transportkomitè, Frank Sve frå Frp.

I dag står Langfjordsambandet i ein kø av fylkesvegprosjekt, og Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært anstrengt økonomi.

Får Langfjordsambandet status som statleg veg bør dette vere ein veg ein bør satse på, seier Sve.

Under Solberg-regjeringa som Frp var ein del av frå 2013 til 2020, var det mykje snakk om å gjere om fylkesvegar til statlege vegar, men det blei ikkje noko av.

Sve seier dette er eit godt prosjekt og så får ein sjå kva ein kan få fleirtal for i ei ny regjering.

Frank Edvard Sve
Foto: William Jobling / NRK