Hopp til innhold

Håper regjeringa vil snu

Leiaren i Møre og Romsdal Bondelag seier at regjeringspartia framleis har tid til å snu og komme landbruket og den norske sjølvforsyninga i møte.

Stortinget skal behandle stortingsmeldinga om sjølvforsyninga og bondeinntekta 18. april og i går la næringskomiteen fram si innstilling.

– No må Stortinget forstå alvoret og legge til sides usemjer. Det er distriktslandbruket og evna vår til sjølvforsyning og beredskap som står på spel, seier Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding.

han vektlegg at det både er eit behov for å løfte inntektene til bøndene og sikre den veksten i sjølvforsyninga som regjeringa lover i Hurdalsplattforma.

– Da må også bøndene ha ei inntekt som gjer at dei står i næringa og ikkje legg ned slik at verdifull matjord blir liggjande brakk og gror igjen med kratt, understrekar Ulfsnes.

Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag.
Foto: Møre og Romsdal Bondelag