Hopp til innhold

Undersøker barnevernet i drapssak

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal bekreftar at dei undersøkjer arbeidet barnevernet har gjort i ein sak der ein baby døde sommaren 2022. Eit foreldrepar er sikta for å ha drepe babyen, og VG har tidlegare omtalt at dei fekk hjelp frå barnevernet i tida før ungen døydde. – Vi er i gang med arbeidet, og har ikkje meir informasjon å kome med før rapporten ligg føre i løpet av 2. kvartal 2024, seier direktør i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Maren Ørjasæter. Politiadvokat Julie Ulstein seier til NRK at dei for tida ikkje har noko etterforsking retta mot barnevernet. – Politiet fokuserer på å forsøke å finne ut kva som har skjedd med babyen. I drapssaka er det to personar som er sikta, det er mor og far, seier ho.