Hopp til innhold

Reiselivet er spent på statsbudsjettet

Ordføraren i Stranda, Einar Arve Nordang (H), er spent på kva signal som kjem i statsbudsjettet om turistskatt. Han seier han håper det kjem klarsignal for besøksbidrag i Geiranger, fordi det er alt for tungt for kommunen å klare å handtere den store turiststraumen over budsjettet.

NHO reiseliv ventar at regjeringa gir klarsignal til å teste ut pilotar for turistskatt i dagens statsbudsjett.

Direktør Kristin Krohn Devold seier at det er avgjerande at om det først skal bli ei form for besøksbidrag, så er det viktig at det løyser det som faktisk er eit problem. Dei meiner turistskatt for overnattingsbedrifter vil vere ei urimeleg løysing.

Turistar i Geiranger
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK