Hopp til innhold

Slinningsbålet fører til trafikkendring

Det blir einvegskøyring på deler av Hessa i samband med tenning av Slinningsbålet laurdag kveld. Politiet ber folk vere ekstra merksame på skilting og på at det er mange gåande i området. Dei ber òg om at parkerte bilar ikkje må vere til hinder for naudtetatane.