Bryt reglane for spesialundervisning
Ålesund kommune oppfyller ikkje regelverket for elevar som får spesialundervisning ved Hessa og Skodje barneskular. Det har Statsforvaltaren konkludert med, skriv Sunnmørsposten. Grunnen er at skulane i fleire tilfeller har brukt månadsvis på å fatte vedtak. I tillegg manglar tilsette kompetanse i å lage læreplanar til elevar med spesielle behov, og dei har hatt for få spesialundervisningstimar.
Skulane har fått frist til 8.september for å rette opp i feila. Skulesjefen i Ålesund kallar no inn alle skulane i kommunen for å gi dei opplæring i papirarbeidet som krevst for spesialundervisning.