Hopp til innhold

Millionar til studenthyblar

Studentsamskipnaden får 14 millionar kroner til å bygge 40 nye studenthyblar i Kristiansund.

– Dette gjer det meir attraktivt å vere student i Kristiansund, seier Henrik Stensønes i Kristiansund Senterparti (bildet).

Regjeringa gir 646 millionar for å bygge 1650 nye studentbustader fordelt på 17 byggeprosjekt i Noreg.

Henrik Stensønes, representerer Senterpartiet i Møre og Romsdal fylkesting.
Foto: Trond Vestre / NRK