Hopp til innhold

Arbeidet med skilsmissa blir førebels sett på vent

Det er eit klart fleirtal i kommunestyret i Ålesund for å stanse arbeidet med delinga av Ålesund og Haram inntil departementet kan stadfeste at kostnadane blir dekt slik Ålesund kommune har søkt om.

Det viser debatten i kommunestyremøtet som pågår nå.

I følgje kommunen vil arbeidet med skilsmissa mellom Ålesund og Haram koste 237 millionar kroner.

Totalt vil delinga av tre storfylke pluss Ålesund koste nærare 850 millionar kroner, men regjeringa har sett av berre 200 millionar kroner.

Fleire av politikarane meiner kommunen er sett i ein umogleg situasjon og krev et raskt svar frå kommunalministeren.

Senterpartiet, Raudt, to Ap-politikarar og ein SV-politikar ønskjer å halde fram arbeidet.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) slår klubba i bordet. Ved siden av ho sit kommunedirektøren Jon Steven Hasseldal.

Reverseringa nærmar seg eit milliardbeløp meiner politisk kommentator

Ålesund kommune vil sette skilsmissa på vent. Politisk kommentator, Lars Nehru Sand, trur regjeringa nærmar seg eit milliardbeløp for å dekke kostnadane til alle som vil skilje seg.