Hopp til innhold

Servicekontraktar til godt ut i 2023

Ulstein Verft har servicekontraktar til godt ut i 2023. I løpet av dei siste dagane i oktober og første dagane i november har Ulstein Verft signert ei rekke kontraktar på service og klassing av skip for fleire ulike reiarlag. Dokkhallen er ein viktig grunn til at ordreboka fyller seg opp. – Ulstein Verft ligg gunstig plassert langs kystleia mellom Stad og Trondheim, og har servicekaier, dokk og dokkhall. Med dei siste kontraktane har verftet no fylt opp ordreboka til godt over jul, fortel Martin Sundgot Hansen i Ulstein Verft. Han seier dei har førespurnader om oppdrag til langt ut i april. – Så det ser positivt ut for aktiviteten ved verftet framover.

Den første helga i november var det høg aktivitet ved Ulstein Verft, både i dokkhallen og ved kai.
Foto: Ulstein Verft

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL