Hopp til innhold

Sterkt resultat for Hydro Sunndal

Hydro Sunndal melder om gode resultat også i tredje kvartal. Dei hadde ei overskot før renter, skatt og avskrivingar på 2,036 millionar. Resultatet er ein liten nedgang frå førre kvartal, men likevel det nest beste kvartalet i historia til Hydro Sunndal.

– Som venta får vi eit svakare resultat enn i førre kvartal. Vi har sett ein fallande marknad for aluminium ei stund. Gode prisar på bestillingar gjort tidlegare i år følger oss inn i tredje kvartal, samtidig som at svak kronekurs mot dollar bidreg til eit positivt til resultatet, seier fabrikksjef ved Hydro Sunndal, Roar Ørsund.

Hydro Aluminium Sunndal
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix