Hopp til innhold

På toppliste

Både Maria Lilly Flakk og Erika June Flakk frå Ålesund er på topplista over dei under 30 år med mest formue i Noreg. Det viser skattelistene. I 2020 blei rundt 90 prosent av eigarskapet i Flakk Gruppen overført til dei to søstrene. Dei ligg på ein 24. og 26.-plass på lista og har ei formue på i overkant av 431 millionar og 427 millionar. Flakk Gruppen driv mellom anna med hotelldrift, reiseliv, klesproduksjon og eigedom. Dei har også ein stor eigardel i det børsnoterte selskapet Hexagon Composites.