Hopp til innhold

Fosterheimar fekk ikkje oppfølging

Mange fosterheimsbarn fekk ikkje den oppfølginga dei skulle ha frå barnevernet i Molde, Aukra og Vestnes i 2020. Det skriv rbnett.no.

22 av 48 barn i fosterheimar fekk ikkje tilsynsbesøk av barnevernet slik dei skulle i første halvår av 2020. Det viser ein rapport om barnevernstenesta, som Møre og Romsdal Revisjon SA har laga på oppdrag for kontrollutvalet i Molde kommune.