Hopp til innhold

Skal etterforske vidare neste veke

Politiet har i dag vore på branntomta og gjort undersøkingar etter brannen i Gjemnes i går. – Vi har avslutta dei tekniske undersøkingane for i dag, men vil halde fram med desse neste veke. Det er så langt for tidleg å seie noko om brannårsaka, men vi har per no ingen mistanke om noko kriminelt, fortel Bjørn Inge Knutsen, politioverbetjent i Møre og Romsdal politidistrikt.