Hopp til innhold

Sender nynorske festspel frå Oslo

Neste helg sender Dei nynorske festspela direkte frå eit studio i Oslo. Publikum kan få oppleve Odd Nordstoga og Stein Versto, og forfattar Edvard Hoem og dotter hans, artist Ine Hoem rett heim i stova. – Det er spennande og kjekt å skape festspel på ein ny måte. Med gode folk både lokalt og i hovudstaden gler vi oss til å nå publikum i heile landet, seier dagleg leiar i Aasen-tunet, Tone Slenes i ein pressemelding.

Odd Nordstoga og Stein Versto vert med på årets festspela direkte frå eit studio i hovudstaden.
Foto: Nynorsk kultursentrum