Hopp til innhold
Ivar Aasen-tunet, ute.
Foto: Ivar Aasen tunet

Dei nynorske festspela

Oppsummert

Dei nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta blir arrangert kvart år i slutten av juni av Stiftinga Nynorsk kultursentrum.

  • Bjørn Eidsvåg til Festspela 2023

    Laurdag 10. juni 2023 kjem Bjørn Eidsvåg til Ørsta for å spele under Dei Nynorske Festspela.

    – Det gler oss stort at det endeleg klaffa å få Bjørn Eidsvåg til Uteamfiet i Aasentunet, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum, Tone Slenes.

    Bjørn Eidsvåg albumdebuterte i 1976 og fekk sitt første gjennombrot i 1983 med plata Passe gal.

    Bjørn Eidsvåg har mange utmerkingar, og har mellom anna fått fleire Spelemannsprisar. I 1997 blei han kåra til Årets Spellemann, og i 2006 fekk han Spellemannsprisens heiderspris.

    Bjørn Eidsvåg
    Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen
  • Kari Stai blir festspeldiktar i 2023

    – Eg vart nokså overrumpla og mållaus da eg vart spurt om å vere festspeldiktar. For ei ære, seier forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai. No gler ho seg til å treffe publikum på Festspela i Aasentunet neste år. Festspela er under planlegging. – I 2023 kan vi feire 100 år med nynorske biletbøker. Kari Stai er ein viktig fornyar av denne tradisjonen, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik.

    Portrett av Kari Stai
    Foto: Kari Svanberg / Samlaget
  • Sender nynorske festspel frå Oslo

    Neste helg sender Dei nynorske festspela direkte frå eit studio i Oslo. Publikum kan få oppleve Odd Nordstoga og Stein Versto, og forfattar Edvard Hoem og dotter hans, artist Ine Hoem rett heim i stova. – Det er spennande og kjekt å skape festspel på ein ny måte. Med gode folk både lokalt og i hovudstaden gler vi oss til å nå publikum i heile landet, seier dagleg leiar i Aasen-tunet, Tone Slenes i ein pressemelding.

    Odd Nordstoga og Stein Versto vert med på årets festspela direkte frå eit studio i hovudstaden.
    Foto: Nynorsk kultursentrum
  • Ny festspeldiktar

    Forfattaren Carl Frode Tiller vert festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta 13.-16. juni neste år. Tiller skal delta på fleire arrangement under Festspela, og forfattarskapen kjem til å prege programmet, heiter det i ei pressemelding frå Festspela. Tiller blir omtalt som ei av dei sterkaste stemmene i norsk litteratur.

    Carl Frode Tiller