Hopp til innhold

Ei 60 år gammal kvinne omkom

Det var 60 år gamle Rigmor Berge som omkom i brannen i Kristiansund for ei veke sidan, det melder politiet. Etterforskinga vil søkje å avklare brann- og dødsårsak. Fleire bebuarar vart evakuerte etter at det starta å brenne i eit leilegheitshus torsdag kveld forrige veke. Ved 01-tida natt til fredag stadfesta Møre og Romsdal politidistrikt at ein person omkom i brannen.