Hopp til innhold

Nye sonderingar i Ålesund

Det er framleis inga avklaring på ordførarspørsmålet i Ålesund, men det kan gå mot ei avklaring seint i kveld. Det seier Tore Johan Øvstebø i Kristeleg Folkeparti. Arbeidarpartiet, venstrepartia, sentrumspartia og MDG skal møtast når valresultatet for den nye storkommunen Ålesund blir godkjent av valnemnda i 19-tida i kveld. Øvstebø vil ikkje garantere at dei klarer å få til nokon avtale, men seier tonen var god under fellesmøtet deira i går kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL