Hopp til innhold

– Bra for dei som bur i området

Høgre-ordførar Lars Olav Hustad i Rauma er svært fornøgd med at det truleg blir gratis å køyre Vågstrandtunnelen. Regjeringspartia kom i helga fram til eit forlik om bompengar, og som del av dette blir bomstasjonen på Vågstranda etter alt å dømme fjerna. Hustad seier det er veldig bra for dei som bur i området.

Vågstrandtunnelen
Foto: Synnøve Hole / NRK