Hopp til innhold

Via ferrata på Aksla

Selskapet Opplev Ålesund ønskjer å etablere ein klatresti, ein Via ferrata, mellom byparken og Fjellstua. Det melder Sunnmørsposten. Klatrestien skal ha både jarntrinn og stålwire, og dei som klatrar langs stien skal nytte via ferrata-utstyr som sikring. Stien skal gå langs den bratte bergsida like aust for trappene til Fjellstua. Opplev Ålesund er skipa som eit einskildmannsføretak av Eirik Vaage, men kan bli gjort om til eit aksjeselskap om kommunen godkjenner planane.

Ålesund sentrum mot byfjellet Aksla.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL