Hopp til innhold

Skal gjennomføre observasjon

To rettspsykiatriske sakkunnige skal gjennomføre ein observasjon av mannen i 40-åra som er sikta for grov kroppsskade og promillekøyring etter ei biljakt i Molde i fjor.

Natt til 30. desember lét mannen vere å stoppe for ein promillekontroll og det blei sett i gang ein politijakt. Han skal også ha forsøkt å køyre ned fleire politifolk.

Politiet skaut også mot bilen til mannen for å få han til å stoppe.

Mannens advokat har meld politiet til Spesialeininga, fordi han meiner det blei losna fleire skot mot han og ikkje bilen. Spesialeininga for politisaker etterforskar no saka.

Skadde politibiler etter biljakt ved Bolsøya i Molde i desember
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL