Hopp til innhold

– Dette viser at bygda er for alle

Rune Sæbønes, ein av arrangørane av Bygepride, meiner Ørsta og Volda har skapt historie i dag. – Det er sjeldan ei bygd viser ein så stor maktdemonstrasjon til fordel for kjærleiken. Det er heilt utruleg, seier han. Sæbønes er glad for at så mange har engasjert seg i festivalen. – Vi viser at Bygde-Noreg ikkje heng igjen i mellomalderen, men er ein inkluderande og varm plass. Han får støtte av Trine Skei Grande (V) og Jon Georg Dale (Frp): – Dette viser at bygda er for alle, seier dei.