Hopp til innhold

– Tårane trillar av glede

Gina Bjørdal, var den første som stod fram offentleg som lesbisk i Ørsta i 1985. – Eg skjulte legninga mi i mange år fordi eg frykta eg ville bli uthengd. Men eg har berre fått den plassen og respekten eg treng frå alle her i Ørsta og Volda, seier ho. Bjørdal synest Bygdepride-arrangementet er eit fantastisk tiltak. – Dette er noko av det største eg har opplevd. Eg er så glad, tårane berre trillar, seier ho.

Gina Bjørdal
Foto: Sissel Brunstad / NRK