Hopp til innhold

Aker Stadion er 20 år

Når Molde møter Lillestrøm i Eliteserien i morgon, er det også klart for 20-årsmarkering for Aker Stadion. Men MFK-manager Ole Gunnar Solskjær er klar på at serieleiaren ikkje skal miste det sportslege fokuset når dei skal forsvare tabelltoppen. – Vi har fokus på å prestere ute på bana og skaffe tre poeng, og så får alle andre rundt få med seg feiringa. Forhåpentlegvis kan vi bidra til at dei går heim og er svært fornøgd med dagen, seier han.

Ole Gunnar Solskjær
Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL