Hopp til innhold

Bustadprisane fell mest i Ålesund

Ifølge tal frå Eiendom Norge gjekk bustadprisane i Ålesund ned med 1,5 prosent i førre månad. Dette er den svakaste utviklinga i landet, men også dei andre store byane hadde nedgang. Også i alle fylke var det nedgang, og for Møre og Romsdal var nedgangen på 1,3 prosent. I landet under eitt gjekk bustadprisane ned med 0,4 prosent. Tala er justerte for sesongvariasjonar.

Ålesund sett fra Fjellstua i Ålesund
Foto: Frode Sand

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL