Hopp til innhold

Krev stopp i høyring

Fem overlegar ved sjukehuset i Molde krev at høyringsprosessen kring utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal blir stoppa. – Høyringsprosessen må avsluttast og planen må trekkjast attende, heiter det i eit brev som er underteina dei fem overlegane. I brevet står det at det må sikrast brei involvering av fagfolk og tillitsvalde og at planane må vere forankra i linjeleiinga. Dei fem overlegane fryktar at Helse Møre og Romsdal er i ferd med å få ein plan som ikkje har naudsynt tillit og legitimitet hjå både tilsette og brukarar og at planen kan vere med på å svekke tilliten til Helse Møre og Romsdal.

I brevet hevdar overlegane at det har vore mangelfull involvering og at spesialistar ikkje har vore orienterte eller spurte om å medverke i utarbeidinga av planen. Dei viser til at det også er leiarar som ikkje har fått høve til å lese planen før han blei lagt fram for styret i Helse Møre og Romsdal.

Molde sjukehus
Foto: Roar Strøm / NRK