Hopp til innhold

REM skal drifte vidare skip

Solstad og REM har i dag vorte einige om at dei atten skipa til REM framleis skal driftast frå Fosnavåg i Herøy. Det opplyser finansdirektør Ola Beinnes Fosse til NRK. Fosse seier at dette er ei positiv tillitserklæring til dei tilsette. Han understrekar at dette gjeld på kort sikt og at situasjonen kan endre seg alt etter om Aker Solstad lukkast med den konsolideringa dei held på med. I tillegg vil marknadssituasjonen kunne påverke om ein må gjere noko med arbeidsplassane i Fosnavåg etter kvart, seier Ola Beinnes Fosse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL