Blir truleg avhøyrt i dag
Mannen som blei arrestert etter ei knivstikking på asylmottaket i Tingvoll onsdag kveld blir truleg avhøyrt i dag. Det melder politiet. To personar blei skadd av knivstikk og ein tredje fekk skader i ein fot då han prøvde å rømme. Skadane skal ikkje vere alvorlege.