Hopp til innhold

Fart og promille

To bilførarar blei fråtatt førarkorta sine i ein fartskontroll i Sykkylven i natt. Kontrollen var i ei 60-sone, medan dei to køyrde i 91 og 88 kilometer i timen. Og på Moltustranda er ein mann i 30-åra mistenkt for fyllekøyring. Politiet trur vedkomande køyrde ein bil som hamna utfor vegen.